Pedagogiske opplegg


Baking av potetkake med sjølvkverna mjøl er noko av det vi har gjort i undervisningsopplegget Tidskapselen. Opplegga varer mellom ein og to timar. Det er sett eit makstal på 30 elevar på dei ulike tilboda, så lenge noko anna ikkje er spesifisert. Tilboda tek utgangspunkt i læreplanane for ulike fag og årssteg. Nokre av opplegga er knytte til skiftande utstillingar, og i 2019 er desse opplegga tilgjenglege:

På reise

Alle har vore på reise; korte turar for å besøke vener eller familie, eller lengre turar for å besøke ukjende stader, sjå og oppleve nye kulturar, smakar og møte andre menneske. Nokre reiser endrar livet, som dei frå ein stad med krig til ein med fred. I utstillinga «På reise» ser vi nærare på kva ein har teke med seg på lange og korte reiser. Vi samtalar om samfunnsendringar, utvandringa til Amerika kring 1860 og innvandringa til Noreg i notid. Opplegget blir tilpassa alderstrinna, og varer om lag 45 minutt. . Opplegget blir tilpassa alderstrinna, og varer om lag 45 minutt. Undervisningstilbodet gjeld frå veke 17 til og med veke 22 i 2019.


Alle gode ting av tre
Frå veke 25 til veke 52. Vi oppdaterer med innhald i undervisningsopplegget fortløpande. 

 

Nordfjordbåt som tradisjonshandverk - bygging
Tilpassa opplegg for alle 6.klassar i Nordfjord i tilknyting til prosjektet "Å halde båtbyggartradisjonen i Nordfjord levande". 

Faste undervisningsopplegg ved Nordfjord Folkemuseum

Byggeskikk - vår/haust
Nordfjord Folkemuseum har 44 antikvariske bygg i friluftsmuseet, og byggverka fortel historia om byggeskikken i Nordfjord heilt frå 1500-talet og fram til 1900-talet. Elevane får sjå ulike byggemåtar og konstruksjonar som har vore karakteristiske for området, som grind og laft. Vi utforskar kva materiale som har vore brukt og kvifor. Elevane får sjølve prøve å setje opp modellar av hus i grind og laft. Opplegget tek i utgangspunktet ein time, men kan tilpassast. Høver for alle årstrinn.  Fast lokalt DKS-tilbod til 3. klasse i Gloppen.

 

Kjeldegransking - for vidaregåande skule etter avtale
Ein gjenstand kan fortelje mykje om tida den er frå. Både materiale, utforming og bruksområde fortel noko om korleis samfunnet var og om menneska som eigde gjenstanden. På Nordfjord Folkemuseum har vi ei stor samling kulturhistoriske gjenstandar frå Nordfjord; desse er gode og ekte kjelder til historia til menneska som levde her. Elevane får prøve seg på kjeldegransking i praksis slik at vi kan gjere kjelda, og gjennom dei historia, levande for elevane. Elevane får også omvising i skriftarkivet og gjenstandsmagasina på museet, samt innføring i bruk av nettsida digitaltmuseum.no. Maksimalt 15 elevar i kvar gruppe.

 

Båt i Gloppen  - grunnskule vår/haust
Å byggje ein båt er ein kunst. Når ein veit at mange av båtbyggjarane ikkje brukte teikningar, men augemål for å byggje blir det heile endå meir imponerande. I dag er gründer og nyskaping ord som blir knytt til verdiskaping, næring og positivt vekst. For 150 år sidan var det heller tradisjonsbæring som var bærebjelken og det inntektsgjevande i små lokalsamfunn. I Nordfjord var bygging av nordfjordbåt eit slikt handverk, som vart overført frå far til son, men som i dag nærast ingen lenger held i hevd. Elevane får lære meir om den viktige attåtnæringa som båtbygginga var, og dei får også prøve seg på praktisk båtbyggjararbeid. Eige tilpassa DKS-opplegg for 8.klasse i Gloppen i samarbeid med Gloppen Ungdomsskule og Nordfjord Folkehøgskule. Det generelle opplegget er tilgjengeleg for alle.
 

Tidskapselen - haust
Elevane får ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv og dei lærer om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Dei vil også lære meir om korleis livet var i Nordfjord kring 1750 og 1850, og korleis utviklinga har vore mellom desse to periodane. Dette vil igjen bli knytt tett opp mot temaet ressursutnytting. Elevane får ei omvising i nokre av husa, og vi pressar eple, kvernar korn, kinnar smør og lagar potetkaker. Tilbodet er unikt i landet, ingen andre fylke tilbyr ein slik museumsdag til eitt klassetrinn. Opplegg for DKS Sogn og Fjordane 9.klasse.

 

Holvikejekta - kontinuerleg etter avtale
Den unike jekta frå 1881 fortel lokal, nasjonal og internasjonal historie på same tid. Jekta og jektefarten er inngang til eit bredt spekter av historier om daglegliv, samfunnsvilkår, næringsvegar og tradisjonar i Nordfjord. Elevane får omvising på jekta og løyse praktiske oppgåver knytt til jekta og jektefart. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Bondesamfunnet - vår og haust etter avtale
Elevane får ei innføring i temaet «bondesamfunnet mellom 1750 -1850». Korleis budde og levde folk før i tida, og korleis har dette utvikla seg dei siste 200 åra? Kva livnærte nordfjordingen seg av? Elevane blir viste rundt i husa i friluftsmuseet og vi gjennomfører praktiske aktivitetar på vegen. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Frå handemakt til elektrisitet - vår og haust etter avtale
I Noreg har vi nytta vasskraft frå tidleg mellomalder. I friluftsanlegget vårt har vi ei stampe, ei oppgangssag og eit kvernhus. Vi ser på korleis vasskrafta har vore til hjelp når folk skulle ha seg hus, mat og klede. Både ute og ved hjelp av modellar ser vi på korleis energien i rennande vatn har blitt omsett til kraft som har avløyst arbeid Vi ser på korleis energien i rennande vatn har blitt omsett til arbeid gjennom tidene. Elevane får prøve seg på praktiske aktivitetar knytt til vasskraft og energi. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Jul
I desember inviterer vi skuleklassar på besøk i skulestova. Dei får høyre historier om jul i «gamle dagar» og vi snakkar om juletradisjonar. Museet har ei lita utstilling i tilknyting til jul som vi også kikkar på. Vi skriv julekort med blekk og lagar julepynt. Opplegget kan tilpassast ulike aldersgrupper. 

 

Ta kontakt dersom du vil tinge eit av opplegga eller har spørsmål: eva.marie.felde@misf.museum.no