Pedagogiske opplegg

Hogging, stabling og lemping av ved er del av "Tidskapelsen" for 9.klassar.

Opplegga varer mellom ein og to timar. Det er sett eit makstal på 30 elevar på dei ulike tilboda, så lenge noko anna ikkje er spesifisert.

  • Nordfjordbåt grunnskuletrinnet  veke 47 2017 til veke 8 2018
    Å byggje ein båt er ein kunst. Når ein veit at mange av båtbyggjarane ikkje brukte teikningar, men augemål for å byggje blir det heile endå meir imponerande. Og så fekk dei hjelp av målestaven. Den løyndomsfulle og nær magiske målestaven som skjuler oppskrifta på heile båten. Elevane får også prøve å klinke, som er ein viktig arbeidsmetode for båtbyggjarar.
     
  • Nordfjordbåt ungdomstrinnet og gymnaset veke 47 2017 til veke 8 2018
    I dag er gründer og nyskaping ord som blir knytt til verdiskaping, næring og positivt vekst. For 150 år sidan var det heller tradisjonsbæring som var bærebjelken og det inntektsgjevande i små lokalsamfunn. I Nordfjord var bygging av nordfjordbåt eit slikt handverk, som vart overført frå far til son, men som i dag nærast ingen lenger held i hevd. Elevane får lære meir om den viktige attåtnæringa som båtbygginga var, og dei får også prøve seg på praktisk båtbyggjararbeid.
     
  • Kjeldegransking  vidaregåande skule  veke 9 eller etter avtale
    Ein gjenstand kan fortelje mykje om tida den er frå. Både materiale, utforming og bruksområde fortel noko om korleis samfunnet var og om menneska som eigde gjenstanden. På Nordfjord Folkemuseum har vi ei stor samling kulturhistoriske gjenstandar frå Nordfjord; desse er gode og ekte kjelder til historia til menneska som levde her. Elevane får prøve seg på kjeldegransking i praksis slik at vi kan gjere kjelda, og gjennom dei historia, levande for elevane. Elevane får også omvising i skriftarkivet og gjenstandsmagasina på museet, samt innføring i bruk av nettsida digitaltmuseum.no. Maksimalt 15 elevar i kvar gruppe. 
     
  • Identitet i endring   lokal-DKS 7. klasse, etter avtale
    Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? I dag står vi friare til å bygge eigen identitet enn for 150 år sidan. Kva fridom hadde ein i 1870 til å skape sin eigen identitet? Elevane får tildelt nye identitetar under besøket, og vi gjennomfører delar av ein skuledag i 1870 med desse nye rollene. Undervegs spelar vi ut situasjonar som oppstår, gjer oppgåver og reflekterer kring det som skjer og kvifor.
     
  • Å byggje og bu i Nordfjord  lokal-DKS 3. klasse, etter avtale
    Nordfjord Folkemuseum har 44 antikvariske bygg i friluftsmuseet, og byggverka fortel historia om byggeskikken i Nordfjord heilt frå 1500-talet og fram til 1900-talet. Elevane får studere ulike byggemåtar og konstruksjonar som har vore karakteristiske for området, som stav og laft. Vi utforskar kva materiale som har vore brukt og kvifor. Elevane får også sjølve prøve å lage trenaglar, ein essensiell del av byggetradisjonen i tidlegare tider.
     
  • Båt i Gloppen  lokal DKS 8.klasse, vår 2018
    Ein heil dag er sett av til aktivitetar knytt til nordfjordbåt og gamle båttradisjonar i Gloppen. Elevane får mellom omvising på Holvikejekta og ro nordfjordbåt på fjorden. Samarbeid med Gloppen Ungdomsskule og Nordfjord Folkehøgskule.
     
  • Tidskapselen  DKS 9.klasse haust
    Elevane får ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv og dei lærer om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Dei vil også lære meir om korleis livet var i Nordfjord kring 1750 og 1850, og korleis utviklinga har vore mellom desse to periodane. Dette vil igjen bli knytt tett opp mot temaet ressursutnytting. Elevane får ei omvising i nokre av husa og høgg ved. Tilbodet er unikt i landet, ingen andre fylke tilbyr ein slik museumsdag til eitt klassetrinn.
     
  • Holvikejekta  kontinuerleg etter avtale
    Den unike jekta frå 1881 fortel lokal, nasjonal og internasjonal historie på same tid. Jekta og jektefarten er inngang til eit bredt spekter av historier om daglegliv, samfunnsvilkår, næringsvegar og tradisjonar i Nordfjord. Elevane får omvising på jekta og løyse praktiske oppgåver knytt til jekta og jektefart. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.
     
  • Bondesamfunnet  vår og haust etter avtale
    Elevane får ei innføring i temaet «bondesamfunnet mellom 1750 -1850». Korleis budde og levde folk før i tida, og korleis har dette utvikla seg dei siste 200 åra? Kva livnærte nordfjordingen seg av? Elevane blir viste rundt i husa i friluftsmuseet og vi gjennomfører praktiske aktivitetar på vegen. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.
     
  • Frå handemakt til elektrisitet  vår og haust etter avtale
    I Noreg har vi nytta vasskraft frå tidleg mellomalder. I friluftsanlegget vårt har vi ei stampe, ei oppgangssag og eit kvernhus. Vi ser på korleis energien i rennande vatn har blitt omsett til arbeid gjennom tidene. Elevane får prøve seg på praktiske aktivitetar knytt til vasskraft og energi. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Ta kontakt med formidlingsleiar Eva Marie Felde dersom du vil tinge eit av opplegga eller har spørsmål: eva.marie.felde@misf.museum.no